Per Sævik - intercitymøte i Ulsteinvik
2026-10-26 19:00 - 20:00Per Sævik, stortingsmannen og gründeren bak Havila og Kystruten m.m er ein bauta som er kjent langt utanfor Sunnmøre. Han har skapt store verdiar og delt dei med mange. Han har opplevd nedturar og oppturar, og der han har møtt motgang har han skapt nye muligheiter.
Hans verdiar må vere like Rotary sine verdiar. Vi lever i ei utfordrande tid der det er viktig å lære av kvarandre sine erfaringar, og vi gler oss til ein time i hans selskap.
Vi vil avtale matservering med hotellet i forkant av møtet slik at det vert tid til mat og prat og sosialt fellesskap.
Felleskøyring frå Kunsthuset i Ørsta kl 17.30.
Ulstein Rotaryklubb inviterer med dette til intercitymøte
for klubbane i vårt AG-distrikt; Herøy, Hareid, Volda, Ørsta, Stranda, Sykkylven og Ulstein
Stad: Quality Hotel Ulstein
Tid: Mandag 26.10.26
o Frå klokka 17.30 for mat og prat i hotellets restaurant og lobby
o Frå klokka 19 for foredrag
Vi er så heldige å få eit møte med ein mann som starta si reise som enkel fiskar til å verte ein av Norges mest markante maritime gründerar.
Per Sævik

Litt bakgrunnsinformasjon:
1.Det maritime gründer- og rederieventyret
o Fiskar og skipper: Han starta yrkeskarrieren på sjøen i tenåra, noko som la grunnlaget for heile hans livsverk
o Havila-gruppen: Investeringsselskapet han grunnla omset i dag for milliarder og har si verksemd innan offshore, ferge, eigedom og reiseliv.
o Offshore-pioner: Han var tidleg ute med å bygge opp forsyningsrederi på Sunnmøre (Sævik Supply, Havila Supply og Havila Shipping)
o Havila kystruten: Han utfordra og vart ein konkurrent til Hurtigruten med moderne, miljøvenlege batteriskip
2. Verdiar, tru og filosofi
Han er kjend for at privatliv, tru og næringsverksemd heng saman
o Bedehusmann: trua på Gud har prega han på alle område, og han har ofte omtalt bedehuset på Remøy som sin andre heim.
o Arbeid er ei velsigning er hans livsmotto og drivkraft gjennom over 70 år i arbeidslivet.
o Haugianisme: Forretningsstilen hans speiler arven etter Hans Nielsen Hauge der samfunnsbygging, hardt arbeid og kristne verdiar går hand i hand.
o Havila ( Edens hage): Navnet på konsernet hans er henta frå Første Mosebok og betyr landet der gullet var godt.
3. Politikk og samfunnsengasjement
Per Sævik har hatt stor innflytelse, også utanfor styreromma.
o Krf-politikar: har representert partiet både lokalt og nasjonalt
o Stortingsrepresentant: satt på Stortinget for Møre og Romsdal i perioden 1989-1993
o Ordførar: var ordførar i Herøy på slutten av 1980-talet
o Rederipresident: har hatt tunge verv som leiar av både Fiskebåtredernes Forund og Norges Rederiforbund.
4. Resiliens og anerkjennelse
o Nedturar og oppturar: Han legg ikkje skjul på at karrieren har hatt store økonomiske bølgedalar, kriser og tunge gjeldsforhandlingar, men legg vekt på at ein alltid må reise seg igjen.
o St.Olavs Orden: Utnevnt til Riddar av 1.klasse i 2012 for sin samfunnsmessige innsats og sitt bidrag til maritim næring
o Generasjonsskifte: Han gikk av som toppsjef i slutten av 2025. 85 år gamal overlot han formelt roret til sine barn.

Kveldens tema:
Det handlar om å sjå nye muligheiter. Ein egenskap menneska treng til alle tider. Per Sævik har levd eit liv der han har speida etter nye muligheiter, og han har grepe dei. Ordet resiliens betyr direkte oversett å sprette tilbake til normal tilstand etter ei påkjenning. Det vitner om fleksibilitet, motstandskraft og meistring. Det betyr å klare seg bra trass i risiko, motgang eller traumer. Han har møtt motgang og han har kjent på suksess. Og han har delt rikeleg av sin rikdom for å gagne andre. Han er ein samfunnsbyggar av dei sjeldne.
«Å gagne andre» er Rotary si rettesnor som går igjen frå år til år. I tillegg lanserer verdenspresidenten kvart år sin visjon. I fjor var det "Unite for good", og i år er det "create lasting impact". Årets visjon bygger på fjorårets. Mykje likt det verdigrunnlaget vi ser i Per Sævik sitt leiarskap.
Vi lever i ei uroleg verd, og vi treng å få fram gode historier om levd liv og korleis vri motgang til nye moglegheiter. Og kva betydning eit bevisst forhold til verdiar har for å nå måla ein har sett seg.
Per Sævik vil dele frå sitt liv og hans erfaringar i ned- og oppturar, om det han lærte, - og har han gode råd fell det i god jord ;)
Praktisk informasjon:
Dette er eit fint høve til å invitere med ein gjest/ potensiell medlem
Påmeldingsfrist: 19.10.26 kl 24
· Fristen er sett slik etter avtale med hotellet for planlegging av lokale og mat.
· For Ulstein sin del melder du deg på i Spond og legg inn kommentar på
o om du skal ha med følge
o om du skal ha mat
· Dei andre klubbane sender samla påmelding til ragnhildvberge@gmail.com med namn på klubben og opplysning om
o Antal personar som vert med på foredraget
o Antal personar som ynskjer å kjøpe fiskesuppe
o Evt behov for alternativ som følge av allergi
o Antal personar som ynskjer å kjøpe kake og kaffi
· Kvar enkelt gjer opp direkte med hotellet
· Av omsyn til hotellet er det viktig å melde frå om evt fråfall etter påmeldingsfristen.
Sosialt fellesskap med mat og prat 17.30 – 1850
Meny
Pir sin Signatur Krema Fiskesuppe kr. 285,-
Utvalg av dagens fisk, reker, krepsehaler, Julienne-grønnsaker, urteolje og rogn.
Servert med focaccia og Rørossmør.
Der vert ein stasjon i Lobbyen der du kan kjøpe kaffe/ te, kake eller bakst.
Vel møtt til eit møte utanom dei vanlege ;)
Med beste helsing Ulstein Rotaryklubb
Ragnhild Velsvik Berge
President 2026/2027
MERK! Denne veka blir det møte måndag, og ikkje tysdag!